MANGFALD

Når vi snakkar saman blir vi ukorrekte nok til å le, dunke kvarandre i skuldra og braute ut at det har ikkje noko å seie kor du kjem ifrå, berre du er Bergensar!

Arkiv, bibliotek og museum

Nye stemmer i etablerte rom

Frivillige lag og
organisasjonar

Miljø for å samla historien sin

teater,
scene og kunst

Råmateriale til nye verk

samarbeidet Blomstrar

2022: Det siste året har det blitt bygd opp eit nettverk av personar, organisasjonar og institusjonar i Bergen som delar entusiasmen for mangfaldsprosjektet Det store vi. Ideen var at den moderne og mangfaldige Bergenseren skulle “oppdage seg sjølv” gjennom å dele si munnlege historie og synleggjere sin immaterielle kulturarv. Vi tok til å samle livshistorier i Bergen: Om å vere ung og krysskulturell, flyktning med heimlengt, skeiv og modig, “tiger” med Downs, polkunde med rullestol...


FRIVILLIGE: Nå er store delar av det frivillige organisasjonslivet i Bergen med. ABM-institusjonane Bergen offentlige Bibliotek, Bymuseet og Vestnorsk Utvandringssenter er frampå. Ein spanande fortropp av kunstlivet er inspirert, Bergen Borgerscene. Vi har allereie eit program med munnleg historie på Det vestnorske teateret.

Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie

DEMOKRATI Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie, samlar no forteljingar frå dei som er påvirka av krigen i Ukraina. Memoar vil hjelpe flykningar som er komne til Bergen med å fortelja. Intervjuspråket er alltid morsmålet. Vi lagar redaksjonar for intervjuprosjekt.


Historia vår er straumar av levd liv, der alle er medskaparar og tidsvitne. Difor handlar innsamling av munnleg historie òg om demokrati og kulturpolitikk. I Russland knebler styringsmakta organisasjoner som samlar munnleg historie. Arkiva blir øydelagt.

OSLO Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie, har jobba med fleire store innsamlingar som synar mangfaldet i Oslo. Vi anbefaler også eit besøk på interkulturelt museum og deira fantastiske utstilling Hjertebank.

KVA SKJER? KALENDER

Vi du bli intervjua?

sjå intervju