det store vi

Det store vi starta som eit prosjekt i Bergen

Ideen var at den moderne og mangfaldige Bergenseren skulle “oppdage seg sjølv” gjennom å dele si munnlege historie og synleggjere sin immaterielle kulturarv. Det siste året har det blitt bygd opp eit nettverk av personar, organisasjonar og institusjonar som delar entusiasmen for mangfaldsprosjektet Det store vi. Gjennom å synleggjere mangfaldet i byens munnlege kulturarv og samtidskultur både kan vi bidra til breiare deltaking og til at det profesjonelle kunstlivet får verdfullt råstoff til nye produksjonar. Prosjektet er støtta av Bergen Kommune, Kulturrådet og Sparebankstiftelsen DNB. Ei engasjert prosjektgruppe starta Det store vi. Klikk på bilete for å bli kjend med dei.


VÅREN 2021: Seks personar møttest og tok til å snakke om mangfald i Bergen:
Ada Freng er veteran frå mangfaldsarbeidet i Sportsklubben Djerv.
Momodou "Jobs" Jobarteh er ein av grunnleggarane av det som i dag er Innvandrarrådet i Vestland.
Florentino Bulnes er spesialrådgjevar om språkopplæring i skulen i Bergen.
Arve Nilsen er veteran innan kulturvern og aktivist innan universell utforming og tilgang for rullestolbrukarar.
Bjørn Enes er dagleg leiar i Memoar - og
Mariela Norheim er ho som starta prosessen. Ho kom til Memoar og sa: Eg har lyst å arbeide med munnleg historie og mangfald.
Utover i vårhalvåret hadde vi seks ein serie fruktbare diskusjponar og kva som kan skje i eit stort mangfaldsprosjekt.


Plan for deltagelse og mangfold i kunst- og kulturfeltet: Bergen kommune slår fast at kunst og kultur står sentralt i byens strategi for bærekraftig samfunnsutvikling. Mangfaldsplanen skal sikre verdiar som demokrati, openheit, mangfald, likestilling og deltaking.

Projektplanar og rapportar finn du under menyen OM OSS

OM OSS

FINANSIERING

Sommarskule og sommarredaksjon. Memoar fekk midler frå Bergen Kommunes tilskot til sommarskular som fremjar mangfald og likestilling . Gjennom å legge til midler frå Sparebankstiftelsen DNB og prosjektet Munnleg historie for alle og ein god del frivillige ressursar, klarte vi å strekke dess midlene slik at dei rekk til både sommarskule, ein sommarredaksjon og ein kortfilm med ungdomsperspektiv på mangfaldsbyen Bergen.

Forprosjekt: I mai fekk vi støtte frå Bergen Kommunes tilskot til musser, historie og kystkultur for å bygge opp Det store vi som mangfaldsprosjekt i Bergen. Det gjorde det mellom anna mogleg å tilsetje ein prosjektleiar som startar 1/8-2021.

Kulturrådet: I månadsskiftet mai-juni 2021 vart det også klart at Kulturrådet støtta prosjektet "Munnleg historie som mangfaldsprosjekt" omfattar "Det store vi" i Bergen og eit liknande prosjekt i Oslo.

Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie

MEMOAR: Vi gler oss til Det store vi i Bergen! Vi vil hauste erfaringar frå Memoarkontoret i Oslo. Her har vi gjennomført fleire store innsamlinger kor mangfaldet er viktig, mellom anna prosjekta Mat og Meg og "Jeg fåkke puste", om George Floyd-demonstrasjonene.

Det store vi blir drifta av Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Formålet til Memoar er å fremja ein kultur for å ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv. Memoar er eit historielag og vi ser på oss sjølve som ein del av det frivillige kulturvernet. Vi fungerer som ressurssenter for munnleg historie i Noreg. Memoar blei danna som ein frivillig, demokratisk organisasjon i Bergen i 2015.

Mariela Norheim: Prosjekt- leiar Det store vi. Arkiv og webansvarleg. Kulturviter.
BERGEN mob. 952 24 587

Inger Christine Årstad: Dagleg leiar. Folklorist, journalist, film- og museumsdame.
BERGEN mob. 922 56 277

Bjørn Enes: Fagleg leiar. Journalist, føregangsmann og starta Memoar i 2015.
BERGEN mob. 415 16 745

Cathrine Hasselberg:
Munnleg historiker, forfattar og podkastansvarlig.
OSLO mob. 414 22 756