historikk

Vellukka oppstart av Det store vi

Lansering av prosjektet
Laurdag 11/9-2021: På kulturminneagen kunne vi endeleg presentere prosjektet Det store vi for publikum og gjesteappellanter på Bergen Offentlege bibliotek. I løpet av eit komprimert oppstartseminar under Kulturminnedagane, utveksla representantar frå ei lang rekke mangfaldsorganisasjonar tankar om korleis Bergen kan "oppdage seg sjølv" på ny. Arrangementet gjekk føre seg i "Amalies Hage" Bergen off. Bibliotek. KLIKK FOR Å LESE MEIR

Dei som deltok var: Bergen Internasjonale Kultursenter, ved Styreleiar Lawrence Asara Newman, Florentino Bulnes, spesialrådgjevar i Bergen kommune for morsmålsopplæringa, Vibeke Flesland Havre frå Bergen Borgerscene , Arve Johannes Nilsen, Sara Myksvoll frå Papillon , Bjørn André Widvey frå Skeivt Arkiv , Badreddine Maizi frå Bergen Moskè, og Bjørn Enes frå Memoar. Kvelden vart avrunda med filmpremiere på "Eg e kje fra Norge eg e fra Bergen", frå Sommarskuleprosjektet. Ein film som kan sjåast som ein fin forsmak prosjektet. Lanseringa var del i og støtta av Kulturminnedagane 2021.

Geir Elling Eikenes frå Amatørkulturrådet var møteleiar. Mariela Norheim frå Memoar fortalde kort om dei planane som alt er i gang. Badreddine Maizi fortalde om Bergen Moskè og det komande arrangementet "Mangfoldsbyen". Sara Myksvoll fortalde om Papillon og arbeid med unge krysskulturelle jenter. Vibeke Flesland Havre fortalde om Bergen Borgerscene og arbeidet med å skape teater av at alle har ei forteljing. Arve Johannes Nilsen fortalde om sitt arbeid som aktivist for universell utforming og rullestolbrukarane si rett til å delta i samfunnet. Musiker: Juan Carlos Valdez fortalde om og framførte songar frå Paraguay, Bjørn André Widvey fortalde om Skeivt Arkiv. Bjørn Enes og Saiejaha Sujanthan frå Memoar fortalde litt om korleis ideen om "Det store vi" vaks fram og fekk ein "tjuvstart" under Memoar sommarskule og Sommarredaksjonen. Florentino Bulnes, spesialrådgjevar i Bergen kommune for morsmålsopplæringa, fortalde om kor språksituasjonen i Bergen: Språkmangfald er ei stor ressurs for Bergen, sa han. Styreleiar Lawrence Asara Newman fortalde om Bergen Internasjonale Kultursenter (BIKS) .

DEI FYRSTE TANKANe

Vi ynskjer å starte seinast i september 2021 og halde fram gjennom 18 månader med prosjektet. Fyrste del vi vere å invitere samarbeidspartnarar og lokale eldsjeler til seminar om munnleg historie og lokal identitet.

  • I Oslo vil vi invitere Søndre Aker Historielag, Fellesrådet for historielag i Oslo, bydelsforeningar på Holmlia, Lokalhistorisk Institutt, Deichmans Bibliotek, Oslo Museum/Interkulturelt Museum, Tekstlab og enkeltpersonar med interesse for munnleghistorie.

  • I Bergen vil vi invitere historielag og andre kulturvernorganisasjonar innan paraplyorganisasjonen Amatørkulturrådet, Bergen off. Bibliotek, Bymuseet, Museum Vest og Arkiv Vest, Vestland Teater, Bergen Borgerscene og enkeltpersonar med interesse for munnleg historie.

Viss seminar kan gjennomførast fysisk vil det truleg bli ei samling i kvar by. Må det gjerast virtuelt, blir det truleg eitt fellesarrangement. Formålet vil vere å kome fram til ei sams forståing av verdien av eit slikt munnleg materiale, og resultatet vil vere ein intervjuguide for kvart av prosjekta. Vi vil også starte ideutvekslinga om korleis materialet kan formidlast.


I perioden september -21 til sommaren 22 ynskjer vi å gjennomføre 200 intervjuopptak, dokumentere dei med tekstsamandrag, innhaldslogg og (auto)transkripsjon og arkivere dei med tilgangsnivå slik kvar enkelt forteljar (informant) samtykker til. Vi vil trekke frivillige og samarbeidspartnarar med, både i utvalet av informantar og i sjølve intervjuarbeidet. Etter å ha snakka med historielag, bydelsforeiningar og bibliotek, vil vi invitere lokale eldsjeler og andre som vi får tips om kan bidra etter som prosjektet veks. Desse frivillige vil vere avgjerande for utviklinga av prosjektet, både med tanke på tema, lokalt engasjement og tilgang på intervjuarar og intervjuar.


Formidlingsarbeidet vil ta til kort etter at innsamlingsarbeidet har starta, ved at det vil bli produsert stubbar parallelt med dokumentasjonsarbeidet. Også her er planen å arbeide med folk i bydelen(e) for at dei sjølve kan vere med å produsere filmar og seg sjølv og sine.


Den siste perioden av prosjektet, frå august til desember 2022, vil vi arbeide med formidling. Formene kan vere digitale publikasjonar, “digitale vandringsruter”, installasjonar på Bibliotek, museum eller andre offentlege stader, idéutvikling til teater- eller andre former for kunstprduksjon.


Vi vil gjennom munnleg historie intervju, forteljepanel og samarbeid, gjere kulturlivet i Bergen endå meir tilgjengeleg, aktuelt og gjennkjennbart for ein endå større del av befolkninga i Bergen. Dette gjer vi for å få fleire med i utviklinga av kulturuttrykk i Bergen. Vi vil synlegjere og tilgjengelegjere endå fleire ulike individuelle livshistoriar og saman med andre organisasjonar skape grobotn for endå meir og nytt (rå)materiale som kan formidlast både på kulturarrangement og i kunst.

Idèen bak Store vi er å bli kjent med dagens Bergen med bruk av munnleg historie. FIlmutdraga på forsida er sjølvsagt berre ein svært liten brøkdel av menneska som bur i denne byen og som alle sitt på historiar og erfaringa som ikkje nødvendigvis er så synleg med første augekast. I Det store vil vi løfte fram historiane vi vanlegvis ikkje får presentert i andre medier - livshistoriane til “vanlege folk”. Og vi vil sjølvsagt, ta vare på historiane som primærkilde-materiale i vårt arkiv. Vi vil òg bidra til å bryte med såkalla ekkokammer, og utvide vår forståelse av kvarandre. Kanskje gjere oss endå meir medviten og interessert i å lytte på kva andre, frå andre miljø brukar tida si på, og kva dei er engasjert i.

Det store vi har som mål å oppdage Bergen på nytt!

Vi har samarbeidspartnarar som produserer historiar saman med oss (frivillige org./lag o.l) og vi har samarbeidspartnarar på formidlings-sida (teater/scene/kulturhus). Vil du og/eller din organisasjon vere med ber vi dykk ta kontakt snarast med mariela@memoar.no eller bjorn@memoar.no.


Vi ynskjer å starte seinast i september 2021 og halde fram gjennom 18 månader med prosjektet. Fyrste del vi vere å invitere samarbeidspartnarar og lokale eldsjeler til seminar om munnleg historie og lokal identitet.

  • I Oslo vil vi invitere Søndre Aker Historielag, Fellesrådet for historielag i Oslo, bydelsforeningar på Holmlia, Lokalhistorisk Institutt, Deichmans Bibliotek, Oslo Museum/Interkulturelt Museum, Tekstlab og enkeltpersonar med interesse for munnleghistorie.

  • I Bergen vil vi invitere historielag og andre kulturvernorganisasjonar innan paraplyorganisasjonen Amatørkulturrådet, Bergen off. Bibliotek, Bymuseet, Museum Vest og Arkiv Vest, Vestland Teater, Bergen Borgerscene og enkeltpersonar med interesse for munnleg historie.

Viss seminar kan gjennomførast fysisk vil det truleg bli ei samling i kvar by. Må det gjerast virtuelt, blir det truleg eitt fellesarrangement. Formålet vil vere å kome fram til ei sams forståing av verdien av eit slikt munnleg materiale, og resultatet vil vere ein intervjuguide for kvart av prosjekta. Vi vil også starte ideutvekslinga om korleis materialet kan formidlast.


I perioden september -21 til sommaren 22 ynskjer vi å gjennomføre 200 intervjuopptak, dokumentere dei med tekstsamandrag, innhaldslogg og (auto)transkripsjon og arkivere dei med tilgangsnivå slik kvar enkelt forteljar (informant) samtykker til. Vi vil trekke frivillige og samarbeidspartnarar med, både i utvalet av informantar og i sjølve intervjuarbeidet. Etter å ha snakka med historielag, bydelsforeiningar og bibliotek, vil vi invitere lokale eldsjeler og andre som vi får tips om kan bidra etter som prosjektet veks. Desse frivillige vil vere avgjerande for utviklinga av prosjektet, både med tanke på tema, lokalt engasjement og tilgang på intervjuarar og intervjuar.


Formidlingsarbeidet vil ta til kort etter at innsamlingsarbeidet har starta, ved at det vil bli produsert stubbar parallelt med dokumentasjonsarbeidet. Også her er planen å arbeide med folk i bydelen(e) for at dei sjølve kan vere med å produsere filmar og seg sjølv og sine.


Den siste perioden av prosjektet, frå august til desember 2022, vil vi arbeide med formidling. Formene kan vere digitale publikasjonar, “digitale vandringsruter”, installasjonar på Bibliotek, museum eller andre offentlege stader, idéutvikling til teater- eller andre former for kunstprduksjon