Lag

Lag og organisasjonar:

Idéen med denne sida er korte intervju med aktive menneske i organisajonslivet i Bergen. Alle har til felles at dei er opne for å ta inn nye medlemmer - og alle set pris på mangfald

Historietorget

Sportsklubben Djerv har lange tradisjonar både for å ta vare på idrettshistoria og på bydelshistoria på Møhlenpris. Heilt sidan banen fekk nytt garderobebygg, har det vore ein draum at det gamle bygget skal bli eit idretts- og lokalhistorisk museum.

5 september 2021 markerte Djerv sitt 100-års jubileum. Få dagar før opna byråd for kultur, mangfald og integrering Katrine Nødtvedt Historietorget - som er det nye namnet på det gamle garderobebygget. Historietorget er både eit hus og ein organisasjon. Offisielt namn er Sydneshalvøyens Kulturhistoriske Lag. Laget er tett knytta til Djerv. Nettadressa er www.historietorget.no

Arna Makerspace - kreativ verkstad Elvetun

Kreativt arbeid med avanserte tekniske verktøy: Det kan stå som overskrift på aktivitetane som Arna Makerspace hadde ansvar for på Elvetun Ungdomshus i Loddefjord i juni -21.

Ein av deltakarane - Henriette - viser korleis ho lagar dørskilt til bestefars musikkrom og bestemors hobbyrom. Instruktør Krister Salomon Hammersland visar korleis 3D-printarar er i gang med å lage ting som dei unge deltakarane har designa.

Verkstaden er ein del av Bergen Kommune sitt omfattande sommartilbod til unge.

(Passordet blir fjerna når alle samtykke er på plass)

Hallaisiken sommerskole

I sommer driver Kristine Bjånes og Elin Hestnes med kulturskole på Ulriken bydelssenter. Kurset har fokus på 5 forskjellige aktiviteter: baking, kunst, hage, sang og teater. Deltagerne får gå gjennom kurset 2 ganger i løpet av uken, slik at alle kan få prøvd ut alt. Gjennom kurset har deltagerne fått laget boller, plantet grønnsaker, laget egne sanger og papir osv.

(Passordet blir fjerna når alle samtykke er på plass)

Bergen Mannskor

Bergen Mannskor - www.bergenmannskor.no - hadde i mars -21 36 medlemmer . Men dei vil gjerne ha 60. For å bli med trengs det fyrst og frems LYST. I tillegg må karane som vil bli med, gjennom ei enkel optaksprøve for at både dirigent og deltakar skal vere sikre på at han kan treffe tonane og kva slag stemme hqan skal synge.

Dirigent er Jon Flydal Blichfeldt. Kontakt: post@bergenmannskor.no

Sjå meir på Bergen Mannskor si eiga nettside

Bydelene forteller:

Opptak av direktesending 4. juni 2020. memoar - i samarbeid med Historietorget.no og Amatørkulturrådet i Bergen. Om innsamling av munnleg kuøtiurarv på Nøstet og Møhlenpris i Bergen. Sjå meir på www.memoar.no/bergen/stubbar