Kunst

Slik blei Bergen ein pilgrimsby

Den åttande november 2021 startar Memoar og Det Vestnorske Teater samarbeid om ein serie publikums-arrangement under tittelen "Det store vi".


Teaterets programtekst:

Alle har ei historie å fortelje. Programserien Det store vi lyftar fram dei unike historiane til heilt vanlege folk frå ulike miljø. Denne kvelden i Nynorsklogen treff vi Asnake T Erko i samtale med Bjørn Enes frå folkeminnesamlinga Memoar. Asnake er oromo, den største minoriteten i Etiopia. Han har saman med andre oromoar gjort Bergen til den viktigaste møteplassen i Norden for tilhengarar av ein religion dei færraste har høyrt om, Waaqeffannaa. Kvart år kjem det pilgrimar til Bergen for å markera Irreechaa, den store hausttakkefesten. Og dette hender altså midt i Bergen, ved Skomakerdiket på Fløyen. Velkomen inn i Det store vi.

Fyrste arrangement blir ein samtale mellom Bjørn Enes frå Memoar og Asnake Erko. Ein stor del av samtalen kjem til å handle om korleis Bergen vart pigrimsmål for tilhengarar av ein religion dei færraste har høyrt om: Waaqeffannaa.

Kvart år kjem det pilgrimar frå heile Norden til Bergen for å markere Irreechaa - hausttakkefesten - ved Skomakerdiket på Fløyen.

Kunst og munnleg historie :

Historie nedanfrå og dei måtane folk flest fortel om livserfaringane sine, er ikkje berre rike kjelder for samfunnsfaga. Det er også eit rikt kjeldetilfang for alle som lagar kunst. Og den andre vegen: God, folkeleg kunst påverkar oss alle i måten vi fortel kvarandre om liva vi lever. Derfor er samarbeid med kunstnarar og kunstinstitusjonar ein viktig del av "Det store vi".

Hausten 2021 starta samarbeid med Det Vestnorske Teateret om programserien "Det stroe vi". Samtidig starta eit samarbeid med Bergen Borgerscene. Ambisjonen er at det også skal bli til ein produksjon ette kvaret .

Sjå førehandsintervjuet med Asnake Erko:

Del 1:

Del 2:

(Passorda blir fjerna så snart forteljaren har gitt sitt samtykke til det)