(Bildet: "Livet, leiken og draumane" av Arne Mæland. Foto: Jan Petter Svendal)

Prosjektplan i Det store vi

Bergen har århundrelange tradisjonar med innvandring, integrasjon og språkleg mangfald. Dette er ein viktig del av bakgrunnen for at Bystyret nyleg vedtok ein “Plan for deltagelse og mangfold i kunst- og kulturfeltet”. Den slår fast at kunst og kultur står sentralt i byens strategi for bærekraftig samfunnsutvikling, og at mangfaldsplanen skal sikre verdiar som demokrati, openheit, mangfald, likestilling og deltaking.


Vår idé er at vi gjennom å dokumentere og synleggjere mangfaldet i byens munnlege kulturarv og samtidskultur både kan bidra til breiare deltaking og til at det profesjonelle kunstlivet får verdfullt råstoff til nye produksjonar. Prosjektet er støtta av Bergen Kommune, Kulturrådet og Sparebankstiftelsen DNB


Kvar onsdag gjer vi intervjuopptak i lokahistorisk avdeling i Bergen off. bibliotek. Vi vil synleggjere mangfaldet i Bergen i dag. Korleis er egentlig ein typisk bergenser på 2020-talet? Alle intervjuopptak blir arkivert for framtida i Norsk Folkeminnesamling. Og alle som synest det et OK at intervjuet med dei blir publisert, får heile opptaket publisert på www.memoar.no/bergen - medan korte utdrag og gullkorn blir påublisert på denne sida - www.detstorevi.no/folk .

Vi ønskjer samarbeid om å velge ut personar som representerer alle sider av det mangfaldige Bergen. Ta kontakt med post@memoar.no - Sjå ledig tid og meld deg på her!:

Nokre av desse kan dykk sjå øverst på nettsida vår. Om den som har blitt intervjua gir sitt samtykke, vil"gullkorn" i intervjuet bli publiserte som skalla stubbar. Det vil sei korte utdrag på eit til tre minutt som inneheld særskilt interessante, kloke eller morosame refleksjonar. Dei kan for eksempel brukast til slike stubbrekker som Sportsklubben Djerva laga til 100-årsjubileet - sjå www.memoar.no/bergen/mohlenpris .

Publikumsarrangement

Den 8. november 2021 samarbeider Memoar og Det vestnorske teateret for fyrste gong om eit publikumsarrangement i Logen Bar. Bjørn Enes skal intervjue Erko Asnare for open scene. Asnake har gjort Bergen til den viktigaste møteplassen i Norden for tilhengarar av ein religion dei færraste har høyrt om: Waaqeffannaa. Kvart år kjem tusenvis av pilgrimar til Bergen for å markere Irreechaa - hausttakkefesten, som er årets største høtgida - ved Skomakerdiket på Fløyen. Arrangementet er ein del av arrangementsrekka "Mangfoldsbyen" .

Viss dette går bra, skal samarbeidet med Det Vestnorske Teateret halde fram med ein månadleg publikumsarrangement. Kanskje blir det teater av noko av det? Kanskje blir det forteljekunst?

Kom gjerne med forslag til personar som bør på scena!

Forteljekunst

"Det store vi" kan også bli initiativtakar til spennande fellesprosjekt med aktørar som Bergen Borgerscene, Jakob Sande-senteret, Fortellerfestivalen og andre som driv med "vidareforedling" av munnleg historie.

Besteforeldregenerasjonen

I alle kulturar og subkulturar er overføringar av forteljingar og munnlege tradisjonar frå besteforeldre til barnebarn eit særs viktig og frodig kulturelement. Det er spennande å tenkje seg at dette mangfaldet av forteljingar skal bli felleseige! At tradisjonsforteljingar frå Syria, Sri Lanka, Pakistan eller Eritrea skal bli tigjengelege for born med slektsbanda til heilt andre stader - til Nordfjord, Namibia eller Nepal! Dette ynskjer vi samarbeid om: La borna gjere opptak av bestemor eller bestefars forteljingar, og la dei bli delte som gjenforteljingar eller teksta videoopptak!

Rekrutteringsvideoar

Bergen har ein rik flora av frivillige organisasjonar. Dei aller fleste ynskjer eit breidare mangfald av nye medlemmer. Vi ynskjer samarbeid om å få fleire aktivt med i frivillig arbeid, og ein av metodane som prosjekt. Det store vi kan bidra med, er å lage korte poengterte vervevideoar som organisasjonane kan bruke på sine møter, nettsider, i sosiale media osv.


Matforteljingar

Få integreringstiltak er trivlelegare enn å samlast rundt måltid med nye, spennande rettar. Men korleis er forteljingane som er knytta til rettane? Kor kom dei frå - korleis er tradisjonane rundt dei? Og korleis har oppskriftene blitt tilpassa dei råvarer som er å få tak i i Bergen? Dette er munnleg historie knytta til mat. Vi ynskjer samarbeid om ei stor oppskrift- og forteljingsamling i form av videoreportasjar frå eit mangfald av kjøkken!

Språkmangfald

Bergen har lange tradisjonar med fleirspråklegheit. Gjennom dei siste generasjonane har byen fått ei rekke nye minoritetsspråk. Dette er ein stor rikdom -Vi veit at born som snakkar fleire språk har ein veldig god start på si intellektuelle utvikling. Men korleis kan språkmangfaldet nyttast endå betre? Vi ynskjer samarbeid om kunnskapsdeling og idéutvikling om denne store, immaterielle kulturressursen!

Initiativtakarane:

Seks personar møttest på ettervinteretn 2021 og tok til å snakke om mangfald i Bergen: Ada Freng er veteran frå mangfaldsarbeidet i Sportsklubben Djerv. Momodou "Jobs" Jobarteh er ein av grunnleggarane av det som i dag er Innvandrarrådet i Vestland. Florentino Bulnes er spesialrådgjevar om språkopplæring i skulen i Bergen. Arve Nilsen er veteran innan kulturvern og aktivist innan universell utforming og tilgang for rullestolbrukarar. Bjørn Enes er dagleg leiar i Memoar - og Mariela Norheim er ho som starta prosessen. Ho kom til Memoar og sa: Eg har lyst å arbeide med munnleg historie og mangfald. Utover i vårhalvåret hadde vi seks ein serie fruktbare diskusjponar og kva som kan skje i eit stort mangfaldsprosjekt. Over er noko av det vi inviterar til samarbeid om.

Eit hovudtrekk ved kulturutviklinga er at endringar av “det norske” i stor grad skjer nedanfrå: Migrasjon, endra kommunikasjonsmønster, “ghettoisering” og “cross-over” endrar liv, leve- og tenkjemåtar for enkeltmenneske og familiar. Dei påverkar kvarandre på ulike vis i bydelar og lokalsamfunn. Ofte når utviklinga fram til den offentlege samtalen fyrst nå nokon reagerar mot utviklinga, slik at samtalen får ei ramme av konflikt og polarisering.


Mange ting tyder på at hovudtrenden er ein annan - “det norske” er i endring, Det “fargerike fellesskapet” er stadig mindre konfliktfylt. Det er eit mål i seg sjølv å supplere dokumentasjonen av dette med med munnlege samtidskjelder.


Det er også eit mål å nyansere den offentlege samtalen gjennom å synleggjere utviklinga på grasrotnivå gjennom å formidle munnleg samtidshistorie og -kultur.