Det store vi - mangfaldsprosjekt 2021

(Bildet: "Livet, leiken og draumane" av Arne Mæland. Foto: Jan Petter Svendal)

Vellukka oppstart av "Det store vi" laurdag 11/9

i løpet av eit komprimert oppstartseminar under Kulturminnedagane, utveksla representantar frå ei lang rekke mangfaldsorganisasjonar tankar om korleis Bergen kan "oppdage seg sjølv" på ny. Arrangementet gjekk føre seg i "Amalies Hage" Bergen off. Bibliotek.

Geir Elling Eikenes frå Amatørkulturrådet var møteleiar,. Mariela Norheim frå Memoar fortalde kort om dei planane som alt er i gang. under førebuing. og sette prosjektet. Badreddine Maizi fortalde om Bergen Moskè og det komande arrangementet "Mangfoldsbyen".

Sara Myksvoll fortalde om Papillon og arbeid med unge krysskulturelle jenter. Vibeke Flesland Havre fortalde om Bergen Borgerscene og arbeidet med å skape teater av at alle har ei forteljing. Arve Johannes Nilsen fortalde om sitt arbeid som aktivist for universell utforming og rullestolbrukarane si rett til å delta i samfunnet.


Musiker: Juan Carlos Valdez fortalde om og framførte songar frå Paraguay, Bjørn André Widvey fortalde om Skeivt Arkiv. Bjørn Enes og Saiejaha Sujanthan frå Memoar fortalde litt om korleis ideen om "Det store vi" vaks fram og fekk ein "tjuvstart" under Memoar sommarskule og Sommarredaksjonen.

Florentino Bulnes, spesialrådgjevar i Bergen kommune for morsmålsopplæringa, fortalde om kor språksituasjonen i Bergen: Språkmangfald er ei stor ressurs for Bergen, sa han.

Styreleiar Lawrence Asara Newman fortalde om Bergen Internasjonale Kultursenter (BIKS) .

Bergen har århundrelange tradisjonar med innvandring, integrasjon og språkleg mangfald. Dette er ein viktig del av bakgrunnen for at Bystyret nyleg vedtok ein “Plan for deltagelse og mangfold i kunst- og kulturfeltet”. Den slår fast at kunst og kultur står sentralt i byens strategi for bærekraftig samfunnsutvikling, og at mangfaldsplanen skal sikre verdiar som demokrati, openheit, mangfald, likestilling og deltaking.


Vår idé er at vi gjennom å dokumentere og synleggjere mangfaldet i byens munnlege kulturarv og samtidskultur både kan bidra til breiare deltaking og til at det profesjonelle kunstlivet får verdfullt råstoff til nye produksjonar. Prosjektet er støtta av Bergen Kommune, Kulturrådet og Sparebankstiftelsen DNB

Oversyn over moglege tilnærmingar, metoder og tema for samarbeid

Vi ynskjer samarbeid om å velge ut personar som representerer ulike sider av det mangfaldige Bergen. Kvar av dei blir inviterte til djupintervju om deira livserfaringar og refleksjonar. Intervjusamlinga skal primært vere tilgjerngeleg for forsking nå og i all framtid gjennom avlevering til Norsk Folkeminnesamling. Viss den som har blitt intervjua gir sitt samtykke til det, vil intervjuet også bli publisert på nettsida www.memoar.no/bergen

Viss den som har blitt intervjua gir sitt samtykke til det, vil "gullkorn" i intervjuet bli publiserte som skalla stubbar. Det vil sei korte utdrag på eit til tre minutt som inneheld særskilt interessante, kloke eller morosame refleksjonar. Vi håpar på å få til ulike former for publisering av slike stubbar - kanskje ein skjerm på Torgallmenningen der vi kan sjå mangfaldet i Bergen i form av ein uendeleg straum av slike gullkorn.

Publikumsarrangement:

"Historie nedanfrå" og "vanlege folk" sine forteljingar om livserfaring og levd liv, er viktige råstoffkjelder til litteratur, film, teater og forteljekunst. Kanskje også til billedkunst og nyare konsept- eller performancekunst. Det store vi er i dialog med Det Vestnorske Teateret om å samarbeide om publikumsarrangement der forteljingar om levd liv skal delast med publikum. Kanskje som "talkshow" - kanskje som forteljarpanel - kanskje som sceneintervju med spennande enkeltpersonar.

Kom gjerne med forslag til personar som bør på scena!

Forteljekunst:

"Det store vi" kan også bli initiativtakar til spennande fellesprosjekt med aktørar som Bergen Borgerscene, Jakob Sande-senteret, Fortellerfestivalen og andre som driv med "vidareforedling" av munnleg historie.

Besteforeldregenerasjonen:

I alle kulturar og subkulturar er overføringar av forteljingar og munnlege tradisjonar frå besteforeldre til barnebarn eit særs viktig og frodig kulturelement. Det er spennande å tenkje seg at dette mangfaldet av forteljingar skal bli felleseige! At tradisjonsforteljingar frå Syria, Sri Lanka, Pakistan eller Eritrea skal bli tigjengelege for born med slektsbanda til heilt andre stader - til Nordfjord, Namibia eller Nepal! Dette ynskjer vi samarbeid om: La borna gjere opptak av bestemor eller bestefars forteljingar, og la dei bli delte som gjenforteljingar eller teksta videoopptak!

Bergen har ein rik flora av frivillige organisasjonar. Dei aller fleste ynskjer eit breidare mangfald av nye medlemmer. Vi ynskjer samarbeid om å få fleire aktivt med i frivillig arbeid, og ein av metodane som prosjekt. Det store vi kan bidra med, er å lage korte poengterte vervevideoar som organisasjonane kan bruke på sine møter, nettsider, i sosiale media osv.


Matforteljingar:

Få integreringstiltak er trivlelegare enn å samlast rundt måltid med nye, spennande rettar. Men korleis er forteljingane som er knytta til rettane? Kor kom dei frå - korleis er tradisjonane rundt dei? Og korleis har oppskriftene blitt tilpassa dei råvarer som er å få tak i i Bergen? Dette er munnleg historie knytta til mat. Vi ynskjer samarbeid om ei stor oppskrift- og forteljingsamling i form av videoreportasjar frå eit mangfald av kjøkken!

Språkmangfald:

Bergen har lange tradisjonar med fleirspråklegheit. Gjennom dei siste generasjonane har byen fått ei rekke nye minoritetsspråk. Dette er ein stor rikdom: Vi veit at born som snakkar fleire språk har ein veldig god start på si intellektuelle utvikling. Men korleis kan språkmangfaldet nyttast endå betre? Vi ynskjer samarbeid om kunnskapsdeling og idéutvikling om denne store, immaterielle kulturressursen!

Initiativtakarane:

Seks personar møttest på ettervinteretn 2021 og tok til å snakke om mangfald i Bergen: Ada Freng er veteran frå mangfaldsarbeidet i Sportsklubben Djerv. Momodou "Jobs" Jobarteh er ein av grunnleggarane av det som i dag er Innvandrarrådet i Vestland. Florentino Bulnes er spesialrådgjevar om språkopplæring i skulen i Bergen. Arve Nilsen er veteran innan kulturvern og aktivist innan universell utforming og tilgang for rullestolbrukarar. Bjørn Enes er dagleg leiar i Memoar - og Mariela Norheim er ho som starta prosessen. Ho kom til Memoar og sa: Eg har lyst å arbeide med munnleg historie og mangfald. Utover i vårhalvåret hadde vi seks ein serie fruktbare diskusjponar og kva som kan skje i eit stort mangfaldsprosjekt. Over er noko av det vi inviterar til samarbeid om.

Les meir om prosjektplanane under www.detstorevi.no/plan


Eit hovudtrekk ved kulturutviklinga er at endringar av “det norske” i stor grad skjer nedanfrå: Migrasjon, endra kommunikasjonsmønster, “ghettoisering” og “cross-over” endrar liv, leve- og tenkjemåtar for enkeltmenneske og familiar. Dei påverkar kvarandre på ulike vis i bydelar og lokalsamfunn. Ofte når utviklinga fram til den offentlege samtalen fyrst nå nokon reagerar mot utviklinga, slik at samtalen får ei ramme av konflikt og polarisering.


Mange ting tyder på at hovudtrenden er ein annan - “det norske” er i endring, Det “fargerike fellesskapet” er stadig mindre konfliktfylt. Det er eit mål i seg sjølv å supplere dokumentasjonen av dette med med munnlege samtidskjelder.


Det er også eit mål å nyansere den offentlege samtalen gjennom å synleggjere utviklinga på grasrotnivå gjennom å formidle munnleg samtidshistorie og -kultur.