Prosjektet

Forhistoria

Lansering av prosjektet
Den 11/9 vart prosjektet Det store vi endeleg presentert for publikum og gjesteappellanter på Bergen Offentlege bibliotek. Dei som deltok var: Bergen Internasjonale Kultursenter, ved Styreleiar Lawrence Asara Newman, Florentino Bulnes, spesialrådgjevar i Bergen kommune for morsmålsopplæringa,
Vibeke Flesland Havre frå
Bergen Borgerscene , Arve Johannes Nilsen, Sara Myksvoll frå Papillon , Bjørn André Widvey frå Skeivt Arkiv , Badreddine Maizi frå Bergen Moskè, og Bjørn Enes frå Memoar.
Kvelden vart avrunda med filmpremiere på "Eg e kje fra Norge eg e fra Bergen", frå Sommarskuleprosjektet. Ein film som kan sjåast som ein fin forsmak prosjektet. Lanseringa var del i og støtta av Kulturminnedagane 2021.

Sommarskule og sommarredaksjon.
Memoar fekk midler frå Bergen Kommunes tilskot til sommarskular som fremjar mangfald og likestilling . Gjennom å legge til midler frå Sparebankstiftelsen DNB og prosjektet Munnleg historie for alle og ein god del frivillige ressursar, klarte vi å strekke dess midlene slik at dei rekk til både sommarskule, ein sommarredaksjon og ein kortfrilm med ungdomsperspektiv på mangfaldsbyen Bergen. Sjå meir under Sommar 2021

Forprosjekt: I mai fekk vi støtte frå Bergen Kommunes tilskot til musser, historie og kystkultur for å bygge opp Det store vi som mangfaldsprosjekt i Bergen. Det gjorde det mellom annamogleg å tilsetje ein prosjektleiar som startar 1/8.

Kulturrådet: I månadsskiftet mai-juni vart det også klart at Kulturrådet støtta prosjektet "Munnleg historie som mangfaldsprosjekt" omfattar "Det store vi" i Bergen og eit liknande prosjekt i Oslo.

Vi ynskjer å starte seinast i september 2021 og halde fram gjennom 18 månader med prosjektet. Fyrste del vi vere å invitere samarbeidspartnarar og lokale eldsjeler til seminar om munnleg historie og lokal identitet.

  • I Oslo vil vi invitere Søndre Aker Historielag, Fellesrådet for historielag i Oslo, bydelsforeningar på Holmlia, Lokalhistorisk Institutt, Deichmans Bibliotek, Oslo Museum/Interkulturelt Museum, Tekstlab og enkeltpersonar med interesse for munnleghistorie.

  • I Bergen vil vi invitere historielag og andre kulturvernorganisasjonar innan paraplyorganisasjonen Amatørkulturrådet, Bergen off. Bibliotek, Bymuseet, Museum Vest og Arkiv Vest, Vestland Teater, Bergen Borgerscene og enkeltpersonar med interesse for munnleg historie.

Viss seminar kan gjennomførast fysisk vil det truleg bli ei samling i kvar by. Må det gjerast virtuelt, blir det truleg eitt fellesarrangement. Formålet vil vere å kome fram til ei sams forståing av verdien av eit slikt munnleg materiale, og resultatet vil vere ein intervjuguide for kvart av prosjekta. Vi vil også starte ideutvekslinga om korleis materialet kan formidlast.


I perioden september -21 til sommaren 22 ynskjer vi å gjennomføre 200 intervjuopptak, dokumentere dei med tekstsamandrag, innhaldslogg og (auto)transkripsjon og arkivere dei med tilgangsnivå slik kvar enkelt forteljar (informant) samtykker til. Vi vil trekke frivillige og samarbeidspartnarar med, både i utvalet av informantar og i sjølve intervjuarbeidet. Etter å ha snakka med historielag, bydelsforeiningar og bibliotek, vil vi invitere lokale eldsjeler og andre som vi får tips om kan bidra etter som prosjektet veks. Desse frivillige vil vere avgjerande for utviklinga av prosjektet, både med tanke på tema, lokalt engasjement og tilgang på intervjuarar og intervjuar.


Formidlingsarbeidet vil ta til kort etter at innsamlingsarbeidet har starta, ved at det vil bli produsert stubbar parallelt med dokumentasjonsarbeidet. Også her er planen å arbeide med folk i bydelen(e) for at dei sjølve kan vere med å produsere filmar og seg sjølv og sine.


Den siste perioden av prosjektet, frå august til desember 2022, vil vi arbeide med formidling. Formene kan vere digitale publikasjonar, “digitale vandringsruter”, installasjonar på Bibliotek, museum eller andre offentlege stader, idéutvikling til teater- eller andre former for kunstprduksjon

21-03-31-Forprosjektskildring-DetStoreVi (1).pdf
21-05-09-MemoarSommarskule2021.pdf
21-03-02-Søknad mangfaldsprosjekt.pdf