Folk

"Stubbar" av alle slags folk i Bergen


Stubbar er korte, velformulerte forteljingar, refleksjonar eller ytringar - ofte utdrag av lengre intervju. Etter kvart tenkjer vi å knytte stubbane saman til seriar som kan gå i loop på offentlege stader - og slik synleggjere mangfaldet i Bergen.

Leila Rezzouk: om å vere jente og krysskulturell

Mona Tahani: om kulturpolitikk

Arve Johs. Nilsen: om å bli bergenser

Neo Ottemöller
om å vere norsk eller bergenser

Saiejaha Sujanthan: om Tamilskolen i Bergen

Chiku Ali: Norges store hjerte

Katrine
Om transfobi og kvinnekamp

Nina
Om særtrekk ved Bergen

Torstein Dahle om gamle folk

Livsløpsintervju med tidsvitner frå vår tid:

Vi ynskjer å gjennomføre djupintervju med menneskje i ulike aldrar som har livserfaringar frå Bergen. Prosjektet er tenkt inn i arbeidet med iverksetjinga av byens nye plan for mangfald i kunst- og kulturlivet.


Fokus i Bergensintervjua vil vere “Alle vegar fører til Bergen”. Sjangeren vil vere livsløpsintervju, som både omfattar bakgrunn, oppvekst, eventuell flytting til Bergen, fasar i utviklinga av livet i byen - og eventuell fråflytting.


Kvart intervju skal dokumenterast med tekstsamandrag, tidskodelogg og delvis transkripsjon (maskintranskripsjon). Heile serien skal avleverast til Norsk Folkeminnesamling med to tilgangsnivå (“Berre for forsking” eller “publisering”), bestemt av kvar einskild forteljar (informant) gjennom si skriftlege samtykkeerklæring.