Pilgrimsbyen

Teaterets programtekst: Alle har ei historie å fortelje. Programserien Det store vi lyftar fram dei unike historiane til heilt vanlege folk frå ulike miljø. Denne kvelden i Nynorsklogen treff vi Asnake T Erko i samtale med Bjørn Enes frå folkeminnesamlinga Memoar. Asnake er oromo, den største minoriteten i Etiopia. Han har saman med andre oromoar gjort Bergen til den viktigaste møteplassen i Norden for tilhengarar av ein religion dei færraste har høyrt om, Waaqeffannaa. Kvart år kjem det pilgrimar til Bergen for å markera Irreechaa, den store hausttakkefesten. Og dette hender altså midt i Bergen, ved Skomakerdiket på Fløyen. Velkomen inn i Det store vi.

Fyrste arrangement blir ein samtale mellom Bjørn Enes frå Memoar og Asnake Erko. Ein stor del av samtalen kjem til å handle om korleis Bergen vart pigrimsmål for tilhengarar av ein religion dei færraste har høyrt om: Waaqeffannaa.

Kvart år kjem det pilgrimar frå heile Norden til Bergen for å markere Irreechaa - hausttakkefesten - ved Skomakerdiket på Fløyen.

Slik blei Bergen ein pilgrimsby

Sjå førehandsintervjuet med Asnake Erko. Opptaket ligg som to delar. tilsaman fortel han i over tre timar