Det vestnorske teateret

Samtalar på teaterscena

om ukraina

Opptak frå samtale om krigen i Ukraina med Natalia Basuik, Ivan Valeaev og Synne Selvik.

om jul

Opptak på Gunda Karklina og Gifty Nordbø deler minner om julefering i Norge og Sovjetunionen.

om PILGRIMSBYEN

Opptak av Bjørn Enes og Asnake Erko snakker Waqeffanna religionen i Bergen.

FORTELJERPANEL: Det Ukrainske, Tamilske- ... Skeive - Bergen. På intimscena/SKIFTET kan publikum sjå live intervju-samtalar med ulike bergensarar. Memoar inviterer vanlege folk til å fortelje si historie på scena. Dei fleste som fortel har vore med i intervjuprosjekt om temaet for forteljerpanelet. Teateret står for kunstneriske/kulturelle innslaga som passar samtaletema. Premieren for samarbeidet mellom Memoar og Det Vestnorske Teateret var 8. november 2021. Hausten 2022 setter vi opp ei ny serie på intimscena/SKIFTET.

Kunst og munnleg historie

Måtane folk flest fortel om livserfaringane sine, er ikkje berre rike kjelder for journalistar og forskarar. Munnleg historie er også eit rikt kjeldetilfang for alle som lagar kunst. Og den andre vegen: God, folkeleg kunst påverkar oss alle i måten vi fortel kvarandre om liva vi lever. Derfor er samarbeid med kunstnarar og kunstinstitusjonar ein viktig del av Det store vi.

Hausten 2021 starta samarbeid med Det Vestnorske Teateret om programserien Det store vi. Samtidig starta eit samarbeid med Bergen Borgerscene om forteljerverkstader. Ambisjonen er at Bergen får fleire nye arrangement og teaterproduksjonar inspirert av munnleg historie.